//
du leser...
bedriftsarkiver, KAI-institusjonar, Privatarkiv, SAMDOK

Auka satsing på privatarkivområdet*

Satsinga på den delen av samfunnsdokumentasjonen som ikkje er underlagt lovgjevne vedtak, privatarkiv, har lenge vore gjenstand for tilfeldigheter. Ein har stort sett vore prisgitt prioriteringar på det regionale nivået, ved at fylkeskommunar, kommunar eller lokale kulturinstitusjonar på ulike vis har sytt føre at dokumentasjonen ikkje har blitt kassert. Rett nok har Riksarkivet tildelt fylkesinstitusjonar eit regionalt ansvar, men med svært varierande resultat. Riksarkivet har også ein del privatarkiv i sine magasin. Ingenting av dette har ført til at vi dag sit på noko som er i nærleiken av ein samla samfunnsdokumentasjon.

Dette er imidlertid i ferd med å endre seg. Riksarkivet peikte i 2013 på privatarkiv som eitt av tre satsingsområde i prosjektet «Samla samfunnsdokumentasjon» (SAMDOK). Prosjektet representerer Riksarkivet si oppfølginga av Stortingsmeldinga om arkiv som kom i 2012. Det som er særleg gledeleg, er at Riksarkivet i dette arbeidet, samarbeider breitt. Det kommunale arkivfaglege miljø er sterkt representert i dette arbeidet. Underteikna har sjølv delteke i strategigruppa for arbeidet med privatarkiv.

Rapporten «En helhetlig samfunnshukommelse» vart levert Riksarkivaren 31. desember i fjor. Den peiker på det faktum at arkiv etter private verksemder i organisasjonar, bedrifter, institusjonar og enkeltpersonar blir mykje mindre systematisk teke vare på enn det offentlege sine arkiv. Skal ein få ein heilskapleg samfunnshukommelse må desse arkiva takast vare på, av di dei utfyller kvarandre både som grunnlag for forsking og enkeltmenneske sine rettar. Rapporten kjem avslutningsvis med ein del tilrådingar knytte til det vidare arbeidet med privatarkiv. Eg vil trekke fram tre av dei som særleg viktige for å sikre den rette balansen i bevaringsarbeidet. Dei tre er:

  • Styrking av privatarkivvernet i arkivlova og i forskrifta.
  • Nasjonal koordinering av bevaringsinstitusjonar, supplert ved behov med nettverk for enkelte sektorar/emne.
  • Sentrale statlege midlar til privatarkivarbeid og utviklingsarbeid på arkivfeltet

Ei overordna nasjonal koordinering trur eg er absolutt nødvendig, særleg i forhold til bevaring av bedriftsarkiv. Ein veit at enkelte næringar står sterkare i nokre deler av landet enn andre. Vi veit også at næringsliv og bedrifter er prega av svingingar. Når vi så veit at næringsverksemdene ofte pregar lokalsamfunnet, er det i aller høgaste grad relevant å sjå på regional- og lokal utbreiing. Dette er også svært viktig for å kunne sjå på kulturelle forskjellar. Vi veit at fiskerinæringa har stått sterkt langs kysten, vi veit også at næringa har blitt drive forskjellig i frå region til region. Ein finn store forskjellar i korleis fiskeriet er blitt drive i Oslofjorden, langs kysten av Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nord-Norge. Det å kunne få eit representativt utval av dokumentasjonen for å kunne gjere komparative studiar av næringane og næringane sin påverknad av omgjevnadene, er etter mitt syn absolutt naudsynt for å kunne gi ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Så må ein sjølvsagt gjere det same for trelastnæringa, landbruket, petroleumsindustrien osb…

Sentrale statlege midlar er naudsynt av to årsaker. For det første skal det sikre at ikkje berre kapitalsterke næringar vert tekne vare på. For det andre vil det ha ein stimulerande effekt som lettare vil frigjere kapital i næringane. Det vil vere lettare for næringane å støtte opp økonomisk om bevaringsarbeidet, dersom ein veit at dette vil bli subsidiert med offentlege kroner.

Det er liten tvil om at Sogn og Fjordane vil komme godt ut av ei slik satsing. Fylkesarkivet har arbeidd med privatarkiver i over 30 år, og sit i dag på rundt 1.500 hyllemeter med arkiv. Hovudmengda av materiale er etter lag og organisasjonar, men vi har også mange bedrifts- og institusjonsarkiv. T.d er bankarkiva og meieriarkiva av eit betydeleg omfang. Vi har truleg den største mengda meieriarkiv i landet. I alt har vi 73 meieriarkiv og 37 arkiv etter smørlag. Dersom innspela til strategigruppa vert teke til følgje, vil den dokumentasjonen vi sit med i fylket bli monaleg meir synleg på nasjonalt nivå. Det betyr igjen at Sogn og Fjordane vil vere ein vesentleg bidragsytar til den «helhetlige samfunnsdokumentasjonen» allereie i frå dag 1. I tillegg vil ei slik satsing garantert gjere det lettare å få bevart dei privatarkiva som framleis eksisterer, men som Fylkesarkivet anten ikkje veit om eller har fått hand om av ulike årsaker.

* Leiar i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt fagtidsskrift Kjelda nr. 2 – 2015, årgang 24

Om Arnt Ola Fidjestøl

Fylkesarkivar i Sogn og Fjordane

Diskusjon

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: