//
du leser...
Arkiv i eForvaltning, arkivkjerne, e-forvaltning, elektronisk arkiv, information governance, RDF

Synkron overføring av data frå Riksantikvaren til Riksarkivet – pilot godt i gang

Delprosjekt 3 i Samdok handlar om synkron overføring av data frå arkiveigar til arkivdepot. Målet er å prøva ut nye metodar for å sikra at arkivverdig digitalt skapt materiale vert teke vare på og sikra i trygge, digitale depot. Arbeidet skal gå føre seg i fleire pilotprosjekt.

Ein av pilotane skal testa ut RDF som datamodell. I denne piloten er arkiveigar Riksantikvaren og arkivdepot er Riksarkivet. Riksantikvaren nyttar P360. Prosjektleiar er Bouvet. Prinsippet for denne piloten ser du på vedlagde diagram.

I 2015 vil ein liknande pilot bli gjennomførd i kommunal sektor der KS, KommIT, IKA Kongsberg og Riksarkivet vil spela sentrale rollar.

Dataflyt

Hovudgangen eller dataflyten i RDF-piloten er omlag slik:

1. Data skal hentast frå aktiv P360 base. Riksarkivet og Riksantikvaren skal i fellesskap plukka ut ein eller fleire sakstypar som kan høva godt i piloten. Først skal utplukk skje på kopi av produksjonsbasen. Over nyttår skal utplukk skje rett mot produksjonsbasen mot nokre fåe utvalde sakstypar. Tilgang til P360 er basert på P360 sitt eige API.

2. Basert på status til journalpost eller sak – eller endringar i metadata, t.d. endra tittel eller liknande – vert data plukka ut frå P360 og konvertert til Noark5-RDF, ein RDF-model av Noark5. Data går så gjennom eit sett valideringsreglar tilpassa RDF. Mange (dei fleste) av dei tradisjonelle 62 testpunkta fell bort når overføring kan skje løpande frå daglegarkiv til mellomarkiv hjå arkiveigar, som her. Nokre nye testpunkt kan koma til.

3. Dersom data validerer, så vert data skrive til ein triple store (mellomarkiv) hjå Riksantikvaren. Dersom data ikkje validerer, så går det melding om dette til arkivtenesta hjå Riksantikvaren. Då må sak eller journalpost sjekkast. På det viset vert vanlege feil påpeika straks, og vonleg vil slike feil etter kvart bli borte.

4. Når saka vert avslutta og data er validert, vert saka overført til Riksarkivet og skrive inn i triple store der. Då skjer det ny validering.

5. Dersom saka med underliggjande journalpostar validerer, så vert tilhøyrande dokument henta hjå Riksantikvaren og lagde i fillager i Riksarkivet. Dokument og metadata vert så lagde klar til pakking og lagring i digitalt sikringsmagasin. Sjølve overføringa dit er ikkje ein del av piloten. Data vert og skrive til ein triple store hjå Riksarkivet.

Innsynsløysing

Både hjå Riksantikvaren og hjå Riksarkivet vert det laga innsynsløysingar til triple store, basert på reglar for innsyn. Det vert og laga statistikkfunksjonar der ein kan overvåka kva som skjer i produksjonslina mellom Riksantikvaren og Riksarkivet. Dette er og  tilpassa piloten for å vinna erfaring.

Ekstra løype for overføring av Noark5 i XML

Løypa som no vert bygd, vil og kunna ta Noark5 XML, t.d. eit uttrekk, og senda det gjennom same strukturen. Det er viktig å kunna testa denne funksjonen og. Det kan koma situasjonar der det kan bli aktuelt å overføra Noark5 XML på dette viset. I depot-enden hjå Riksarkivet kan ein i prinsippet velja om ein vil ha Noark5 XML eller Noark5 RDF som målformat.

Me vil gjerne understreka at dette er ein pilot for læring. Det er ikkje ein vedteken måte for overføring. Me vil testa nye metodar og hausta erfaring. Opplegget vert og laga slik at det er lett å konfigurera kor lenge data skal vera hjå arkiveigar, og kor ofte løysinga skal lytta etter endringar i status eller endringar av metadata.

Statusmøte 18.11.2014

Tirsdag 18.11 vart det første statusmøte halde med representantar frå Riksantikvaren, Riksarkivet og Bouvet (sjå link til framdriftsplan under).

  • Teknisk oppsett Riksarkivet er på plass
  • Overordna arkivarkitektur er på plass
  • Bouvet har byrja installera Sesam hjå Riksarkivet
  • Riksarkivet har kome med innspel til valideringsreglar for data i piloten basert på Noark5. Her vil ein gjera eit utval for å finna fram til kva som er viktig å validera i pilotsamanheng. Her jobbar ein vidare neste veke.
  • Det er laga ei rutine som konvererer Noark5 XML til Noark5 RDF. Rutinen finn du her.

Prosjektplan/framdriftsplan finn du her

Data i XML og RDF – døme på korleis data kan sjå ut i to ulike format finn du her.

Kjem løpande rapportar

Me vil leggja ut korte statusrapportar på Samdok-bloggen etter kvart som prosjektet går framover.

Kontaktpersonar

Hjå Riksantikvaren:   Marte Brekke og Lise Storfjord

Hjå Bouvet: Øystein Isaksen (prosjektleiar) og Graham Moore

Hjå Riksarkivet: Gunnar Urtegaard og Kari Frodesen

Diskusjon

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: