//
du leser...
big data, internasjonalt, konferanse, skytjenester, tilgjengeliggjøring

The digital humanist

Arkivverket orienterer seg i internasjonale trender.

Nedenfor kan du lese reisebrev fra Gunnar Urtegaard som deltar på Gartner Symposium/ITxpo 2014 i Barcelona:

 

Hei .

Er i Barcelona saman med Inga. Er komen godt ut i 2 dag på http://www.gartner.com/technology/symposium/barcelona/.

La det vera sagt med ein gong: Dette er svære saker, på alle måtar. Berre å navigera i kongressenteret og finna det eg vil, krev konsentrasjon.

Her er mykje folk. Dei fleste i dress. Har og sett folk i dress og med ryggsekk. Her er mange nordmenn. Her er få kvinner. Overraskande få.

Mange leiarar frå offentleg sektor i Norge er her. Grunnen er enkel: Det er her ein får små glimt av kva som kjem.

Big Data,  The Internet of Things, Cloud, The New Digital Economy, Mobile trends, Social media, Game Changer. Lista er lang.

Her er historiar om korleis nettet visste at jenta var gravid før faren og familien var informert. Korleis? Lesevanar og handlevanar på nettet.

Her er historiar om sensorar som kan sitja i bleier, på nyfødde og på gamle. Vil me det?

Me kan få (har fått?) tablettar med sensorar som varslar om bestemor har teke tablettane sine. Vil me det?

Me kan få vinglas som sender melding til kelnaran når eg treng meir påfyll i raudvinsglaset mitt. Det høyrest betre ut.

Her er historiar om korleis alle våre vanar og digitale spor er handelsvare i ein enorm skala.

Eg har merka meg eit nytt ord. The digital humanist.

Brukaren kjem til å få mange nye rollar. Han eller ho er på ulikt vis drivaren i utviklinga. Dei store systema som nokre få pønskar ut, vil verta borte. Spelet vert snudd på hovudet.  Brukaren må og vil vera med på alle fasar i utvikling av nye tenester. Gjeld og Arkivverket. Det trur eg er nyttig lærdom.

Då me i 2013 byrja arbeidet med ny strategi for 2014-2017, var eg oppteken av at me henta inn innspel og synspunkt frå aktuelle miljø utanfor Arkivverket. Det var vellukka. Me fekk mange gode innspel. Det gav og eit viktig grunnlag for Samdok.

No bør me gå vidare. Me må byggja mange fleire og nye, uventa og utradisjonelle partnarskap.  Det er i dette landskapet dei gode tenestene vil liggja framover. The digital humanist – han eller ho eller dei må me forstå.

Helsing

Gunnar

Diskusjon

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: