Det er 30 år sidan den første Noark-spesifikasjonen kom og vart startskotet til ei utvikling som sette norsk offentleg forvaltning i ei særstilling når det gjeld elektronisk arkivdanning. Konferansen ønskjer å setje søkelyset på viktige erfaringar fra utviklingsarbeidet, på Noark som verktøy i dagens arkivdanning og for bevaringa av elektroniske arkiv.
Konferansen Noark 30 år – erfaringar, status og utsikter går av stabelen 1. desember på Høgskolen i Oslo og Akershus. Les meir her.
Tidsskriftet Arkiv (www.tidsskriftetarkiv.no) har som formål å styrke den vitskaplege tilnærminga til arkivfaget og vere ein uavhengig arena for fagleg utvikling og debatt. Tidsskriftet er nettbasert og blir publisert av ABM-media. I løpet av november blir tidsskriftet relansert i ny bunad og på ny plattform. Ta ein titt her.
Diskusjon
Ingen kommentarer så langt.