//
du leser...
fagdager, RDF, semantisk web

Fagdag i Riksarkivet 19. mars om RDF og semantisk web

I 2013 og 2014 har Riksarkivet skipa til fleire fagdagar der fokus har vore på RDF og semantisk web.

Denne teknologien vert teken i bruk på stadig nye område. Særleg er RDF interessant som datamodell for å knyta saman og utveksla informasjon. Det er særs relevant i arbeidet med digitalisering av offentleg sektor og effektiv utveksling og deling av informasjon.  Riksarkivet ser RDF som interessant i arbeidet med å ta vare på digitalt skapt materiale. Kanskje bør Noark5 danna basis for eit felles vokabular for å beskriva digitalt skapt materiale i RDF.

RDF vil etter kvart bli teke i bruk i samband med arkivdanning og.  RDF opnar i det heile for mange nye muligheiter. Før ein kan konkludera er det trong for utvikling, forsking og utprøving. Gode alliansar mellom arkivmiljø,  private verksemder, forskingsmiljø og praktiske utprøving er her som elles ei god tilnærming. Riksarkivet har RDF som viktig element i fleire av projekta i Samdok-prosjektet.

19. mars skipa Riksarkivet til fagdag saman med Riksantikvaren og prosjektet Kultur og naturreise, som både Riksarkivet og Riksantikvaren deltek i.

Progammet hadde fokus på permanente URI-og (ID-ar), og på bruk av autoritetar som basis for å knyta saman innhald og tenester på tvers av siloar og sektorar.  Fagpersonar frå Brønnøysundregistra, Kartverket, Skatteetaten og Difi snakka om nasjonale felleskomponentar og det arbeidet so skjer der på dette feltet. Det var interessante innlegg  frå bibliotekshald, frå  museum, arkiv og frå arbeid med persondata basert på RFD som datamodell. RDF er og ein viktig del i EU-projektet LoCloud som Riksarkivet leiar med partnarar frå 27 land.

 

Program og foredrag finn du her.

 

 

Diskusjon

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: