//
du leser...
Arkiv i eForvaltning, lenka data

Semantisk teknologi kan bli viktig for arkivfeltet

Som ein del av arbeidet i SAMDOK har Riksarkivet gjennomført fleire fagdagar om temaet semantisk web og teknologiar som RDF, OWL og liknande. Dette er ein teknologi som no vert teken i bruk på fleire og fleire område.

Den 6. november skipa Riksarkivet til fagdag om dette saman med Riksantikvaren og prosjektet Kultur- og naturreise i Riksantikvaren sine lokale. Mange ulike sider av semantisk web vart drøfta. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane gjennomfører mellom anna eit prosjekt for å konvertera data frå arkivet sine basar til RDF. Presentasjonane finn du her:

http://kulturognaturreise.wordpress.com/2013/11/07/kulturarv-og-lod-muligheter-gevinster-og-utfordringer/

Den 12. november skipa Riksarkivet til fagdag for ei gruppe eigne tilsette og for nokre sentrale samarbeidspartar. Då presenterte Axel Borge og Graham Moore  løysinga SESAM som Bouvet har laga for Hafslund. Løysinga  vart tildelt prisen Årets Arkiv av Norsk Arkivråd i 2012.  Det sentrale grepet i løysinga er å nytta RDF for å integrera data frå ulike fagsystem. Dette er ei utfordring mange kjenner på kroppen, både kommunar, statlege etatar og private verksemder. Løysinga inneheld ca 5 milliardar triplar i ein sentral RDF-base. Triplar er i grunnen korte setningar (subjekt, objekt og predikat) som er byggestein i datamodellen RDF. Løysinga for Haflund viser teknologien i praksis på ein svært interessant måte. Sentralt i denne løysinga ligg ein Noark5-kjerne. Graham viste og korleis Noark5 og Moreq2010 kan mappast mot kvarandre og gjerast tilgjengeleg som RDF.

Riksarkivet og SAMDOK vil fylgja opp dette temaet, mellom anna på SAMDOK-konferansen den 3. og 4. desember.

Diskusjon

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: