//
du leser...
Arkiv i eForvaltning, arkivdanning, elektronisk arkiv, KAI-institusjonar, Kommunale arkiv

Svært vellukka og nyttig KAI-konferanse i Balestrand 10. -12. september.

KAI står for kommunale arkivinstitusjonar. Her finn me mellom anna institusjonar som fylkesarkiv, byarkiv og interkommunale arkiv (IKA).

KAI-konferansen 2013 vart skipa til i Balestrand i Sogn. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ved Snorre Øverbø og Ole Stian Hovland stod som lokalt vertskap. Tittel var ”Arkiv i endring”. Arkivverket var godt representert med 9 frå Riksarkivet og frå 9 frå statsarkiva. Dette er eit tydeleg signal om at Riksarkivaren legg stor vekt på dette samarbeidet framover. Sjå program:  http://www.fylkesarkiv.no/side/kai-konferansen-2013.

Konferansen i Balestrand var svært nyttig og vellukka på alle vis. Kvikne’s hotel, Ciderhuset, Sigrid Moldestad og desibel-konsert av Geir Berstad Sande og Geir Hjetland, inne i sjølve Esebotn, gav ei fin råme for det sosiale.

Frå Riksarkivet hadde riksarkivar Ivar Fonnes innlegg om naudsynt revisjon av arkivlova. Gunnar Urtegaard snakka om Riksarkivet sin politikk for oppfølging av kommunal sektor i kjølvatnet av arkivmeldinga. Terje Pettersen Dahl hadde foredrag på bonus-sesjon om godkjende lagringsformat og om digtalt depot i Riksarkivet.

Fagleg gode bonussesjonar.

Torsdag deltok eg  på bonussesjon om krav til arkivsystem i samband med at kommunane går over til fullelektroniske arkiv. Denne vart leia av Torleif Lind, IKA Kongsberg. Saka gjeld både sak/arkivsystem og fagsystem. Det er mange kommunar og grupper av kommunar som brukar mykje tid og krefter på dette no. KAI-institusjonane er og involverte. Mange gjer same jobben. Godt samarbeid, utveksling av erfaring og arbeid,  og kanskje utarbeida ein felles kravspesifikasjon for ulike saksfelt og funksjonar? Eit slikt dokument basert på Noark5 kunne kommunane så nytta som utgangspunkt for vidare tilpassing. Dette vart løfta fram som eit sterkt ynskje.

Eit slikt dokument ville ha strategisk betydning for kommunane og for arkivsektoren. Ein ville og oppnå:

  • Alle kommunane ville få tilgang til eit godt, rådgjevande dokument, gjerne modulbasert, som dei kunne nytta som utgangspunkt.
  • Prosessen med å utarbeida eit slikt dokument ville føre til auka medvit kring desse viktige spørsmåla.
  • Kommunane ville bli meir tydelege på eigne behov i dialog med systemleverandørane
  • Me ville få høve til å sikra oss best mogelege tilrådingar kring dokumentfangst og avlevering av elektroniske arkiv
  • Riksarkivet ville få nyttige tilbakemeldingar til vidare arbeid med Noark5.

 

 I samband med innkjøp av nye system er det viktig å vera medviten om at det er i arkivdanninga ein sikrar at materialet kan takast godt var på for ettertida.

Fredag deltok eg på sesjonen om lagringsformat og arbeidet med digitalt depot i Arkivverket. Terje Pettersen Dahl innleia om begge tema. KDRS og Tor Eivind Johansen leia denne økta.  Systemet Essarch, som no straks vert teke i bruk i Riksarkivet, vert viktig  i arbeidet med å få på plass eit  funksjonelt og sikkert digitalt depot. I diskusjonen kom det tydeleg fram at KAI-institusjonane ynskjer betre verktøy til uttrekk og testing av data og vil gjerne ha eit tett samarbeid med Riksarkivet om dette framover.

Presentasjonar frå Riksarkivet:

Ivar Fonnes

Gunnar Urtegaard

Terje Pettersen Dahl

Terje Pettersen Dahl

Diskusjon

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: