//
du leser...
Arkiv i eForvaltning, arkivdanning, Arkivmeldinga, DIFI, elektronisk arkiv, Privatarkiv, SAMDOK

SAMDOK-konferansen 2013 – Arkiv i e-forvaltning

I Stortingsmelding 7 (2012–2013), Arkiv, blir det understreka at eit viktig mål for arkivarbeidet skal vera å sikra ein samla samfunnsdokumentasjon. Målet gjeld uavhengig av om arkiva er skapte av statlege, fylkeskommunale eller kommunale organ, av private bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar. Den største utfordringa på arkivområdet – handteringa av digitalt skapte arkiv – er felles for alle samfunnssektorar. Meldinga gir Riksarkivaren eit utvida oppdrag på dette feltet. Det er ei stor og kritisk oppgåve  å sjå til at elektronisk arkivmateriale blir sikra og tilgjengeleg for ettertida.  Oppgåva føreset eit breitt sett av strategiar og tiltak. Samarbeid mellom Arkivverket og andre aktørar som andre arkivinstitusjonar, arkivorganisasjonar, KS, DIFI, internasjonalt samarbeid med meir er ein føresetnad for å kunna løysa desse oppgåvene på ein god måte. Riksarkivet er og med i EU-prosjekt som vil vera relevante for dette arbeidet.

Eit viktig steg i dette arbeidet er konferansen som me vil skipa til 3. og 4 desember. Tittelen hentar me frå Stortingsmeldinga om samla samfunnsdokumentasjon og SAMDOK-arbeidet som no startar opp.  Første dag vert det innslag om strategiar, planar, metodikk og erfaring frå mellom anna Sverige, Norge, Danmark, Estland, DIFI, KS med meir. Dag 2 vert det 6 paralellsesjonar med over 30 ulike foredrag. Desse er organiserte kring arkivdanning og dokumentfangst, standardar og retningsliner, integrasjon av innhald og tenester, avlevering og ny metodikk, bevaring, og til slutt tilgang og formidling.

Alle sesjonane dreier seg om elektronisk skapt materiale. Me vil og sjå framover og prøva å teikna opp eit mogeleg framtidsbilete på ein del område. I paralellsesjonane vert det foredrag frå mange hald. Partnarar i SAMDOK-samarbeidet vil halda innlegg og kasta lys over tema frå sin kant. Me vil og høyra korleis dei konkret arbeider med desse spørsmåla i våre granneland. Me trur at denne konferansen vert viktig for å gjera opp status og peika ut mogeleg retning vidare. Påmeldinga opnar om få dagar. Men, set av datoane alt no: 3. og 4. desember på Gardermoen, Oslo.

No gler me oss til KAI-konferansen i Balestrand 11. og 12. september der mange av desse spørsmåla og vert drøfta. Fin plass Balestrand. Riksarkivet stiller med ei talrik gruppe med riksarkivar Ivar Fonnes i spissen.

God arkivhelg.

Diskusjon

Tilbakesporinger (Trackbacks/Pingbacks)

  1. Tilbaketråkk: SAMDOK-konferansen er nå åpen for påmelding | SAMDOK / Samla samfunnsdokumentasjon - 30/09/2013

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: