Riksarkivaren vil skipa til ein nasjonal konferanse om arkiv i e-forvaltning den 3. og 4. desember 2013. (På Gardermoen eller i Oslo)
Set av dagane alt no! Dette omfattar både statlege, kommunale og private arkiv.
Hovudskissa for konferansen så langt er omlag slik:
Første dag – overordna. Status, strategi, metodikk, standardar, lovverk, utviklingsarbeid her i landet og i andre land. Gode og spanande tiltak som me kan læra av . Her ynskjer me innspel på gode prosjekt, gode utviklingsprosjekt, aktuelle døme frå andre land.
Andre dag – konkret. Søkelys på konkrete område og problemstillingar, prioriteringar. Denne dagen ser me føre oss skal brukast til å gå djupare i utvalde problemstillingar og prosjekt. Her og ynskjer me innspel. Parallelsesjonar kan vera eit mogeleg opplegg denne dagen.
Diskusjon
Ingen kommentarer så langt.