Fagdag i Riksarkivet 26. april 2013
Den 26. april inviterte Samdok-prosjektet i Arkivverket til fagdag om nye tankar kring arbeidet med sikring av elektroniske arkiv i offentleg sektor. Heile fagdagen vart teken opp og du finn presentasjonar og diskusjonar her: http://arkivverket.no/samdok/ika_nxc/Player.html.
Riksarkivar Ivar Fonnes opna fagdagen og gjekk gjennom aktuelle utfordringar som mellom anna arkivmeldinga peikar på. Bakgrunnen for samlinga var to konkrete prosjekt i kommunal sektor/KAI-miljøet som kvar for seg legg nye tankar på bordet. På same tid heng dei to og på mange vis tett saman. Prosjekta vart presenterte for sentrale fagpersonar i Arkivverket.
Ståle Hegna frå Midt-Telemarkrådet (samarbeidsorgan for kommunane Bø, Nome og Sauherad) presenterte prosjektet IKA Arkivkjerne. Han er prosjektleiar og gjer det på oppdrag frå IKA Kongsberg. Ansvarleg er leiar for IKA Kongsberg, Wenche Risdal Lund. Styringsgruppe er styret for IKA Kongsberg. IKA kongsberg har medlemskommunar i dei 3 fylka Telemark, Buskerud og Vestfold.
Utgangspunktet for prosjektet er dette:
- Alle medlemskommunane har svært mange elektroniske arkivsystem som har ulike og ikkje tilfredsstillande uttrekksfunksjonar. Dette medfører stor fare for tap av dokumentasjon
- IKA Kongsberg brukar store tidsressurser på å forholda seg til kommunane og dei ulike fagsystema
Kan dette gjerast betre, annleis og smartare enn i dag?
Prosjektet stiller spørsmål om dette kan gjerast på andre og betre måtar? Kan ein tenkja seg at alle medlemskommunane i IKA Kongsberg leverer data løpande til ein felles base hjå IKA Kongsberg? Ein slik base vil vera basert på Noark5-standarden.
Spørsmål prosjektet skal finna svar på er:
* Kartleggja kommunane sine behov og ynskje. Er prosjektet mogent nok?
* Korleis må ein slik database setjast opp og spesifiserast?
* Korleis skal dataflyten gå mellom produksjonsarkiv i kommunane og depot hjå IKA Kongsberg?
* Kva koster det å etablera dette?
* Kva koster det å drifta dette for IKA Kongsberg og for kommunane?
* Skissera gevinstpotensialet i prosjektet.
* Kva krevst av juridiske avtalar, avtalar om datahandsaming og tryggingsløysingar?
* Undersøkja produkt som kan sikra datakvaliteten.
* Vurdera ressursbehov i forprosjekt og hovudprosjekt
* Kartleggja muligheit for prosjektstøtte
Rapporten skal vera ferdig innan 15. juni 2013.
Noark 5-kjerne som open kjeldekode?
IT-selskapet NXC (som mellom anna utvikla arkivplan.no) gjennomfører eit prosjekt med digitalisering av byggesaker sammen med IKA Trøndelag, og lese data inn i ein Noark5-kjerne. Noark5-kjernen er utvikla av Thomas Sødring, HiOA og utvikla vidare av NXC og Dimitar Ouzounov.
Kan ein Noark5-kjerne som open kjeldekode løysa problem som mange slit med i dag?
« FAGSYSTEM – “Lever sitt ege liv”
« Ikkje bevaring gjennom NOARK-5 standard
« Ikkje tilgjengleg på post-liste
« Ikkje søkbar internt for sakshandsamarar
« Utfordring både ift. uttrekk frå gamle system, samt “live” system som produserer dokument hver dag
« Lite innovasjon
Yngve Tvedt, Christian Lundvang og Dimitar Ouzounov presenterte prosjekt og tankar om dette. Sjå presentasjon. Dei hevda at ei slik tilnærming kan gi kommune/stat tilbake kontrollen over sine eigne arkiv.
Stikkord kan vera:
ª Distribuera open kjeldekode NOARK5-kjerne
ª Utvikla effektive API for uttrekk frå fagsystem. Både historiske system, og daglege uttrekk
ª Fristilla arkivsystem fra sakshandsamingssystem
Hei,
Linken er dessverre ikke aktiv. Det hadde vært spennende å se opptakene.