Om Samdok-programmet og denne bloggen

Arkivmeldinga legg stor vekt på omgrepet samla samfunnsdokumentasjon. Arkiv frå statleg, kommunal og privat sektor utfyller kvarandre og dokumenterer samfunnet frå ulike vinklar og ståstader. Stortingsmelding om arkiv seier dette om samla samfunnsdokumentasjon.

”Målet gjeld uavhengig av om arkiva er skapte av statlege, fylkeskommunale eller kommunale organ, av private bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar. Målet skal medverke til ein samla samfunnsdokumentasjon. I dette ligg at ein skal ta vare på og tilgjengeleggjere bevaringsverdige arkiv frå alle samfunnssektorar, slik at dei samla kan dokumentere samfunnet og samfunnsutviklinga på ein fullgod måte.”

Ulik vinkling, utfyller kvarandre:

”Arkiva frå statleg, kommunal og privat sektor viser samfunnet frå ulike vinklar og ståstader, og dei utfyller kvarandre som kjelder til eit heilskapleg bilete. Som direkte spor etter dei handlingane og hendingane som har gått føre seg, dokumenterer arkiva ei rekkje aktivitetar og prosessar som er sentrale element i samfunnsutviklinga.”

Riksarkivaren sin rolle er å vera pådriver og koordinator. Samarbeidet skal vera likeverdig, balansert, gjensidig og at RA set seg godt inn i korleis kommunal arkivsektor ser på behov og prioriteringar. Dei ulike arkivmiljøa har mykje å læra av kvarandre og samla kan me få dette til. Me må få på plass klare klare strategiar og prioriteringar og få på plass ein open dialog og god informasjon.

Om bloggen

Denne bloggen er eit verkemiddel for å oppnå dette samarbeidet, og skal vere den sentrale kommunikasjonskanalen i prosjektet. Her vil vi legge ut all informasjon om arbeidet i dei tre delprosjekta, men vi håper og at så mange som råd vil bidra med innspill.

Innholdet på bloggen vil derfor ikkje berre uttrykke Arkivverket sine synspunkt, men og meiningar og erfaringer frå andre deler av arkivsektoren. Målet er å speile mangfoldet i arkivfeltet, og at dette kan bli fanga opp i prosjektarbeidet. Alle skal med – og her skal vere høgt under taket!

Riksarkivaren står som øvste ansvarlege for bloggen, medan Gunnar Urtegaard er ansvarleg redaktør. Kontaktperson er Kari Frodesen.

Riksarkivaren sin oppfølging.

Riksarkivaren vil setja fokus på desse 3 områda framover:

3 stk heile stillingar vil koma på plass, ei stilling på kvar av desse oppgåvene. Mål, verkemiddel og prioriteringar skal utarbeidast i tett samarbeid. Stillingane er utlyste og fristen ute.

Nokre viktige datoar:

  • 9.4. KAI og SA i Riksarkivet. Dialogmøte
  • 26.4. Ny metodikk i arbeidet med elektroniske arkiv. IKA Kongsberg og NEXUS. Trondheim og IKA Trøndelag.
  • 2.5. Møte med KS, LLP, Norsk arkivråd og arkivleiarar i dep. Om arkivmeldinga
  • Mai 2013 – Møte med statsarkiva om privatarkiv i lys av meldinga.
  • 23. mai. Riksarkivaren held foredrag på kontaktkonferansen til IKA MR.
  • 3-4 juni. Konferanse om privatarkiv (LLP og Kulturrådet). Riksarkivaren om privatarkiv. Gå djupare inn i utfordringane når det gjeld oppdraget på privatarkivfeltet
  • Juni 2013: Ha på plass samarbeidsgrupper

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s